Litt alvor

Nokon gonger føler eg at ein lyt legge fram det litt alvorlege, slik som dagen idag.
Fleire gonger iløpet av denne dagen har eg vore nøydd til å ta tak i meg sjøl, bokstavleg tala -
svelge ned att den klompen i halsen, og berre skjerpe meg!
Dagens notis er meint som ein - eg vil ikkje kalle det hverken hyllest eller oppmuntring - heller ein liten "sånn er det, du er ikkje aleine om det.." til alle dei mange som bur aleine med små barn.
Aleinemødre/fedre er eit ord som dekkar mange, men eg ser ikkje på meg sjølv slik. Eg bur aleine med guten min, men eg er ikkje aleine om han.
Han har mange rundt seg som bryr seg - men spesielt ein som er litt ekstra glad i han.


Dagen idag starta som dei fleste andre dagar, med eit smil om munnen.. etterkvart.
Ein koseleg frukost i etasjen over, frisk luft med bøtte og spa ute i snøen - alltid like stas, inn til middag. Åt godt og lenge begge to.
Plutseleg snur alt om til det stikk motsatte..
Javel, då får me prøve avledning.. leike litt. Nei.
Favorittboka? Naa, kanskje i 10 sekund, Neeeeei.
Alt er feil.
Ingen leiker er morsomme. Ingenting mamma gjer er morsomt.
Drikke da? Koppen går i golvet med eit smell.
Lage rare lydar og grimasar. HYYYYYYYYYYYYYYYL!
Får ein eplebit - stille i 2 minutt.
(Mor no må du puste med magen..)
Inn i kjøleskapet, rive ut det som er. Nei nei, ikkje lov.
Inn i kaserolleskapet, kaste ting rundt seg. Nei nei, ikkje lov.
Spring hit og dit. HYYYYYYYYYYYL!!!
And so on.. Dagens utblåsning var ikkje den lengste eg har vore borti, men det er det som er - at når det pågår, står tida stille.
Ein skal vera sindig og rolig, men tålmodigheten vert satt på kraftige prøvelsar til tider. Ein vert så sliten at ein vil legge seg ned å grine. I det minste legge seg på sofan - late att øyrene, berre i 10 minuttar.
Men ein kan jo ikkje det!! Ein kan ikkje det.. på vakt 24 timar i døgeret.
Å vere aleine med ein liten ramp store delar av kvardagen, er tøft.

Men som eit klokt hovud vidarefortalte meg ein dag, og som nok er noko av det hærlegaste eg kan tenkje når det står på:
Det er tøft å vere aleine, men det er jaggu ikkje berre enkelt å vera to heller..

No ser vetle mannen min fram til å leike masse med det menneske som betyr (nest, hihih) mest for han i heile verda ;)
og eg ser fram til å gjere eit nytt forsøk på å roe ned - og å kjenne på saknet til den vetle hjarteknusaren.. det vert så inderleg godt å sjå han att etter ei slik helg! *Hjartesukk...*

Vårt nye krypinn

Det var ikkje gjort i ein håndvending å komme seg attende, men etter mykje att og fram er me omsider på plass i Trøndelag igjen..
Eit lite glimt frå korleis me har det hittil, koseleg vel?


Det har gått over all forventning..
Heldigvis er Kasper vandt med å reise litt hit og dit frå før, så han vart fort varm i bodyen då me kom hit.

Det meste er på plass i skuffer og skap, men mykje gjenstår og. Har veldig kjekke husvertar, så snart står eit stort (for meg aleine) prosjekt for tur. Då skal målekosten og eg tilbringe litt ekte kvalitetstid ilag.
Gledar meg stort!
Svært koseleg slik det er og, får litt hyttefølelse av all denne panelen, og hyttelivet er jo fabelaktig! Men sidan oppussing er blandt topp3 av mine hobbyar, så gledar eg meg som sagt STORT til å ta fatt.

Når det gjeld sakn til heimlandet, så klarar me oss bra! Klart det allereie er litt spesielt å ikkje kunne ta ein snartur hit, eller dit, men Kasper er nok den som merkar det best. Eller gjer han det?
Eg er van med å bu langt ifrå der eg vaks opp, der familien bur - så den omveltninga er ikkje stor for meg. Sjølv om eg saknar dei der heime, utan tvil.
Kasper har alle søskenbarna sine der heime, han har ikkje gløymt ein einaste ein (det beviste han på butikken idag, så han såg ein bleiepakke med ein baby på.. "Bebbii.. Milli.." sa han. Milli er hans navn på eit av hans 5 søskenbarn der heime!) Og ikkje kjem han til å gjere det heller.
Ein ekstra stor klem vert sendt til Besta, som er den beste Kasper veit..
Og ein kjempeklem til Besten, som Kasper og er kjempeglad i!
SJÅAST SNART!

Stranda

Sammenkrøka. Opp ned i hjørna på den kalde svarte skinnsofaen. Raggsokkar oppå knea. Ullsokkar under. Tøfler utanpå.
Trommevirvel. Gaular på underjordiske fear. Kom og et meg opp!

Tidvis er eg grenselaust oppgitt over at det skal vera så vrient å komme seg dit ein vil. I neste øyeblikk, etter verdens djupaste magadrag, tek eg meg sjølv i å ha det ganske bra. Eit øyeblikk.
Målet ligg der, rett framfor meg - kun det siste musesteget over målstreken gjenstår. Men eg er limt fast i bakken.
Limt fast på eit punkt der det aller meste er berre lykke. Mammalykke.
Så korleis kan eg klage? Eg har alt eg treng i heile verda! Han er med meg kvar enn eg skulle gå..
Så korleis kan eg ikkje klage? Når den eine tingen som vil gjere livet til han eg elskar over alt i heile verda komplett, står rett der framme på målstreken.


Goes good

Oh, yes. It goes good.
To dagar har eg vore utan vetle mannen, og det er ikkje spesielt grusomt. Sjølv om eg kanskje burde sitje inne og fortelje heile verda om kor mange bøtter eg har fylt med tårer allerede, fordi eg ikkje held ut tanken å vera så langt ifrå tassen, så har eg ikkje tenkt å gjere det.
Eg klarar meg heilt fint - sullar på med mitt, og får kryssa av mange punkt på den eviglange lista.
Eg klarar meg heilt fint - nettopp fordi Kasper var så flink å plukke ut ein heilt vanvittig bra pappa, så eg veit har har det som plomma i egget der oppe i Trøndelag.

Og kjære Trøndelag, eg har ikkje gløymt deg. Me er undervegs! Men vegen dit var sleipare enn anteke, desverre. Men me gler oss berre desto meir til den dagen kjem...


Lilla gumman..

Den evigsnille vetle tassen min,
som alltid har vore så kjempe flink.. spesielt flink på kveldane -
då han har lagt seg godt under dyna, utan å mukke..
Og han har sove godt natta gjennom.


Eg forstår det godt at han vert litt forvirra. Det har vore mykje att og fram på oss i det siste - unødvendig mykje.
Klart eg er nøydd å finne ut kva som gjer dette - at tassen plutseleg vert "lynforbanna" når eg går ut frå soverommet etter å ha lagt han på kvelden, for dette finns jo ikkje normalt i "vår" verd..
Separasjonsangst, det er hittil den mest logiske forklaringa.
Eg likar separasjonsangst. Til tider.
Eg likar det når han ikkje vil ned frå fanget mitt, men berre vil sitje å peike i boka si, og vise meg alt som er "oi!".
Eg likar det når det er meg han spring mot når han blir redd noko.
Eg likar det når han strekker armane sine mot meg når eg har vore vekke ei stund.

Eg skal ikkje sei eg mislikar at eg ikkje får gå ut frå soverommet på kveldane,
men nokre gonger skulle eg ønske alt var som "før". At han la seg fint, og sov godt - og vakna og hoppa og lo i senga, glad og utkvilt!
Og ikkje minst at eg sjølv var gira på å stå opp før fuglane..

Eg skal ikkje sei eg mislikar at eg ikkje får gå ut frå soverommet på kveldane,
for når vetle tassen sovnar med den vetla handa si i eit fast lite grep om peikefingeren min, så er det heile verd det.. UANSETT!

Kjære sumar, dreg du din veg?



Sommaren kom den, om ikkje for fullt - så var den der i periodar. No er det ikkje lengre tvil - han har reist avstad, for denne gong. Me har hatt ein fin sommar, ingen tvil om det. Det har vore plass til bading i sognefjorden for smått og stort, grillkos i hagen, storfint besøk, mange gode dagar ilag både utom- og innomhus.

Best av alt - vetle guten min har fått god anledning til å bli kjend med den mannlege parten av sitt opphav. For eit hærleg første møte, og fleire hærlege treff etter den tid. Det som er der, må eg få lov å kalla perfect match! Godt og sjå for ei halvnervøs (men ikkje no meir) aleinemamma frå Sogn.

Framleis er neste mål å få eigen nøkkel til ein passande utleigeeinheit i Trondheim, men dette viste seg å vera lettare tenkt enn gjennomført. Gjekk veldig bra med utleige av huset her - såg det ut som! Men kort fortalt, så sit me no i huset vårt igjen, har fyrt opp oljeovnen, og er berre glad me fekk dei ut så fort som me gjorde.. Makan til uflaks med leigebuarar. EG burde fått diplom! Heldigvis (for meg iallefall) er det stor mangel på buplass for høgskulestudentar i Sogndal.. kryss fingrane folkens!!

Ovnen tikkar, huset er litt under behageleg temperatur - etter min smak. Hausten er komen for å bli, ei stund. Kanskje ei litt slitsom, men definitivt veldig vakker årstid. På med regndressen - ut og plaske i sølepyttane!

Forandring fryder

Hagen er grøn, stakitten er på plass.
Men det regnar.. det har det gjort ei stund no. Men likevel har me hatt mange fine stunder både ut og inne, eg og vetle skatten.. og alle dei flottingane som bur kring oss. Klart det blir savn. Det er det ikkje tvil om, men no har me bestemt oss for å flytte på oss. Nok ein gong.

Eg er så inderleg glad i huset mitt.. eg har lagt ned mange mange timar arbeid her. Men måling, snekring, utskiftning, flytting, dekorering, planting.
Det er her junior har budd heile det 1 år lange livet sitt.
Det blir spesielt.
Men me er nøydd å sjå om graset er grønare på den andre sida.
Denne gongen er "den andre sida" i Trondheim.
Eg har budd der heile mitt "vaksne" liv, faktisk. Men då hadde eg kun meg sjølv å tenke på. No blir det anleis.
No har eg med meg han som ER livet mitt no. Det kjæraste eg eig og har. Vetle rusken min, som er så stor vorten.
Mange ting er bra her, men det er så altfor mykje som dreg oss nordover.
Ein kjær, spesiell grunn for minsten sin del.

Me er klar for nye utfordringar - så får me sjå. Ein dag om gongen.
Men det skjer ikkje idag.. eindel må klaffe før me pakkar snippen og reiser.
Kryss fingare for oss - at me får det til!
Men først av alt, skal me nyyyyte ein hærleg sommar i Sogn.. Og me GLER oss!!

Toddler?

15.Mai kom han som eit lyn - idag er det 15.april, og vetle røvaren min er vorten 11 månader!! Hurra for han! Og hurra for våren! Dagen har me "feira" med mykje frisk luft, rydding i hagen og fiskekaker ;) Toddler - sånn reint teoretisk er han ingen baby lengre, men ein smårolling. Han er enno liten.. 3-4 gonger større enn då han vart fødd.

This man - is MY man! GOTTA LOVE IT!!

Todays mood



Det er fredag, det er sol - men det regnar såvidt det er innimellom. Det er fredag, me har det som plomma i egget - men det finns alltid noko som terar litt. Ingen, ingenting og inga TID er perfekt. Dagens themesong: Under

Hutte-tutte-tei!

Ja, dette er jo bare en liten barnesang,
men den skal jammen handle om voksne denne gang,
for jeg har ofte lurt på hvordan det villle gå,
hvis vi sa sånn til voksne, som de til alle små.
Å - huttetuttetei
Da ble det bråk, hu hei!
Og etterpå så ble det ikke greit å være meg...

Det er ikke bestandig så morsomt som de tror,
å nevne hva en heter og stedet der en bor,
så tenk om jeg en dag til en herre sa som så:
"Nei, se der har vi Andersen, hvor gammel er du nå?"
Å - huttetuttetei
Da ble det bråk, hu hei!
Og etterpå så ble det ikke greit å være meg...

De voksne si'r bestandig de synes det er synd
hvis en er full av fregner og er litt blek og tynn.
Men tenk om jeg en dag til en dame ville si:
"Nå må du spise maten din, du blir så tynn, fru Lie!"
Å - huttetuttetei
Da ble det bråk, hu hei!
Og etterpå så ble det ikke greit å være meg...

Og når ei lita tulle i vogna sover søtt
mens mor er i butikken, så skal det dikkes støtt.
Men tenk dem en grosserer i en bil ved en butikk,
om jeg stakk hue inn og ropte: "Dikkedikkedikk!"
Å - huttetuttetei
Da ble det bråk, hu hei!
Og etterpå så ble det ikke greit å være meg...

Men det sku være morro, en mann å dikke på,
og at han ville skrike, det er jeg sikker på,
så hvis jeg traff hans frue, da sa jeg resolutt:
"Han er så redd for barn, De må nok ta han mere ut!"
Å - huttetuttetei
Da ble det bråk, hu hei!
Og etterpå så ble det ikke greit å være meg...

Beste barnesangen!! Alf Prøysen er HELT!
Les mer i arkivet » Februar 2012 » Januar 2012 » November 2011
hits